Storforestilling juni 2027

07. oktober 2026
Søker: Foreininga Spinae Sunnhordland
I juni skal me sette opp ein nyskriven førestilling, "Charter Kjartan & Chanel" i Stord kulturhus. Då er alle 22 gruppene innan dans, teater og musikal med, ca 300 store og små på og rundt scenen. Eit svært apparat med frivillige foreldre og andre bidrar til alt frå sying av kostymer, sminke, mat og støtte, og bygging av scenografi.
Foreininga Spinae Sunnhordland er ein levande, inkluderande og positiv arena for barn, ungdom og vaksne i Sunnhordland med undervisning i og formidling av dans, teater, kunst og andre kultur- og sceneaktiviteter. Me held hus i Torget 10 på Leirvik, og har deltakarar mellom 5-80 år, som kvar veke frå utfalda seg kreativt i trygge og rause grupper, med profesjonelle instruktørar. Annakvart år set me opp ei "storførestilling", der både manus, musikk, kostymer og scenografi er laga av lokale aktørar, både profesjonelle kulturarbeidarar og frivillige støttespelarar. Scenografien blir planlagd og bygd i samarbeid mellom dei kreative aktørane våre og ressurssterke, engasjerte og dyktige foreldre, som bidreg etter eigen motivasjon, kompetanse og arbeidslyst. Når me set opp storførestilingar, blir det bygd flott scenografi. Me har stort fokus på bærekraft og gjenbruk, men likevel blir det alltid behov for å kjøpe inn noko. Og om me får støtte gjennom Jem & Fix, vil det gje oss mulighet til å lage ekstra stilige kulisser - som me igjen kan bruke på nytt ved seinare førestillingar.

Ønskede materialer

9021534 Kryssfinerplater 20
9050841 Lekter 20
9023172 Hønsenetting 2
9019980 Terrasseskruer 6
9027380 Veggmaling 10
9051976 Spraymaling grønn 2
9051961 Spraymaling gull 2
9051980 Spraymaling aluminium 2
9051982 Spraymaling rød 2
9051964 Spraymaling gul 2
9067348 Maleruller 6
9067348 Ruller 10
9088059 Slagboremaskin 1
9089096 Bølgepanel 1
9051788 Takplate 2
9050908 Underpanel 10
9056062 Kombistige 1