Oppgradering av sandkasse

30. september 2026
Søker: Haga burettslag
Sitteplasssar til sosial sandkasse. Me er eit burettslag med stor dugnadsvilje og med mål om å skapa gode møteplassar for alle som bur her. Me søkjer støtte til material for å oppgradera sandkassen og laga benkar rundt han. Slik får barna ein triveleg stad å leika, medan foreldre, besteforeldre og naboar kan setja seg ned og slå av ein prat. Arbeidet vil me gjera på dugnad. Målet er å skapa ein enkel møteplass som kan bygga fellesskap i kvardagen.
Ein sosial sandkasse – sitjeplassar for små og store Me ønskjer å oppgradera sandkassen på leikeplassen i burettslaget med ei solid treramme og tilstøytande benkar. Målet er å gjera området til ein meir innbydande møteplass, der barn kan leika og utforska medan foreldre, besteforeldre og andre naboar kan setja seg ned, følgja med og slå av ein prat. Burettslaget vårt har mykje dugnadsvilje og eit sterkt ønske om å skapa gode fellesområde. I Sandkassen kan barn leika kreativt på tvers av alder. Barna kan grava, byggja, samarbeida og finna på eigne leikar. Med gode sitjeplassar tett på vil det bli lettare for vaksne å bli verande ute og delta i fellesskapet. Benkane skal også vera til glede for naboar som ønskjer ein liten pause og kontakt med andre. Prosjektet går ut på klargjering av området, bygging av ei ny ramme rundt sandkassen og to stabile benkar langs sidene. Me ser føre oss ein sandkasse på om lag tre gonger tre meter. Benkane skal ha ei behageleg sitjehøgd for vaksne og plasserast slik at barna framleis har god tilgang til sanden. Endelege mål blir tilpassa området før me kjøper inn og kappar materialane. Me vil nytta trevirke som eignar seg til utandørs bruk, og festemiddel som toler vêr og fukt. Ramma og benkane skal få solide samanføyingar og god understøtting. Alle tilgjengelege kantar og flater blir slipa, og skruene blir senka ned slik at overflatene blir gode å ta på. Treverket skal haldast unna direkte jordkontakt. Arbeidet blir gjennomført på dugnad av bebuarane. Me vil samarbeida om oppmåling, innkjøp, klargjering, bygging og rydding. Burettslaget tek ansvar for jamleg tilsyn og vedlikehald etterpå. Me søkjer jem & fix om støtte til materialane som trengst for å byggja ramma og benkane. Med ein avgrensa materialinnsats og vår eigen arbeidsinnsats kan me skapa ein varig møteplass med låg terskel for å delta. Me håpar oppgraderinga vil gi fleire gode kvardagsmøte, meir uteleik og eit sterkare fellesskap mellom små og store

Ønskede materialer

9058536 Impregnert konstruksjonsvirke 48 × 198 × 4800 mm – ramme⁠ 8
9050850 Impregnert konstruksjonsvirke 48 × 98 × 4200 mm – understell og ryggstøstøtter 12
9056449 Terrassebord 28 × 120 mm, 3,6 meter 14
9031658 Terrasseskruer A4, 4,2 × 55 mm, 200 stk.⁠ 2
9064403 Treskruer A4, 6 × 100 mm, 50 stk.⁠ 3
9042745 Beskyttelsesduk 2 × 2 meter⁠ 4
9050429 Sandkassesand, 15 liter / 25 kg⁠ 10
9085051 Woodlife terrasseolje klar, 5 liter⁠ 1
9063158 Penselsett til treolje, 2 delar – Træfix⁠ 2
9055822 Sandpapir, assorterte ark, 10-pakning⁠ 2
9038057 Dekkfolie, 2 × 25 meter⁠ 1
9028515 Helle Nordic glatt grå, 40 × 40 × 5 cm⁠ 12
9021614 Armert presenning, 4 × 6 meter – tilpassast som trekk⁠ 1
9021017 Presenningsringar, 10 stk. – 1
9041320 Fletta tau, 5 mm × 20 meter⁠ 1